$$$ Lunemann gjev økonomiske råd til den jamne backpackar $$$

For English speaking readers: I give my best financial advices on planning a tour like mine. 

No er det berre omlag to veker att til eg reiser ut på eventyr igjen. Denne reisa er litt meir springande i både form og innhald enn førre gong eg var utanlands, og kanskje difor kiler det litt ekstra i magen no. For eg er veldig spent. Eg byrjar endeleg å kjenne på reisefeberen. Dei siste vekene vert mest fylte med sosialt samver ilag med folk eg likar. Eg tenkte derimot ikkje at denne posten skulle vere veldig sentimental med tanke på at eg snart reiser frå folk eg er glad i, men at eg for min eigen og andres del skulle forsøke å lage ein oversikt over kva ein slik tur faktisk kjem til å koste. Det er informasjon eg sakna når eg i vinter fann ut at eg skulle reise. På førehand er det jo sjølvsagt litt vanskeleg å estimere kor mykje eg kjem til å betale totalt, men eg har forsøkt å beskrive det så greit som mogleg slik at andre som planlegg noko liknande kan få litt oversikt. Det eg garantert kan seie, er at det tek tid. Eg byrja å tenke på dette i februar allereie, og turen har liksom planlagt seg sjølv litt etter litt. Eg er også innstilt på å bu så billig som mogleg, eg er jo per def ein backpackar i min livs vår (hehe), og skal jo bu på hostell og ete gatemat frå hol i veggen og sånn. Så here goes – Lunemanns økonomiske reiseguide vol.1:

Eg skal altså reise i omlag åtte månader, frå byrjinga av september til midten av mai. Det er i allefall så lenge reiseforsikringa mi varar. Den har eg kjøpt gjennom Gouda, som virka som det beste valet for meg. Eg kjøpte ei ungdomsreiseforsikring (hah!) for folk opp til 35. Eg valte superversjonen, det vil seie at eg slepp eigenandel når eg står der og grin på bredden av Amazonas fordi ein krokodille har ete opp iphone-ladaren min. Forsikringa kosta totalt omlag 9800 kroner. Eg sjekka mykje rundt og fann ut at dette var det beste alternativet for meg for ei enkeltreise, og eg betalte ca ein tusenlapp meir for å sleppe eigenandel på skader. Utover det har eg teke vaksiner som ein helt – Hepatitt A&B, tyfoid, gulfeber, hjernehinnebetennelse pluss en cocktail av barnevaksinene. Dette kjem på til saman 3000 kroner. Denne prisen varierer jo heilt etter kor lenge siden sist ein tok vaksiner, lengden på opphaldet og kva ein skal gjere – eg fekk mange gode råd hos Sentrum Reisemedisin i Bergen. Fordi eg skal jobbe med ungar og sikkert bu tett på andre skitne ungdommar i sovesalar rundt om, så måtte eg ta hjernehinnebetennelsevaksina. Då kan eg jo feste som om eg var RUSS 2007 igjen. Gulfeber krever mange land at ein tek, mellom anna Ecuador, kor eg planlegg å feire nyttår på ei strand (det er no du skal sjekke billettar til Guayaquil i desember).

Eg og kusina mi skal gå Inca trail i fire dagar frå Cusco til Machu Picchu. Dette er nok den største enkeltutgifta for opplevingar eg kjem til å koste på meg – og det er jo ein draum som går i oppfylling. Der ligg prisane på rundt 6000-7000 kroner (eg har betalt $730 på førehand som er depositum for to personar – resten er omlag like mykje og betalast når vi kjem) per person. For denne prisen får vi mat laga til oss, telt sett opp til oss, vatten, guiding og billett inn til sjølve Machu Picchu. Vi skal også klatre på det fryktinngytande Wayna Picchu (hei mamma). Vi skal gå denne turen i midten av oktober, heilt på slutten av sesongen, og vi bestilte i april. Då forsvann dei tidlegare datoalternativa fort som berre det, så Machu Picchu er det ikkje berre å møte opp på. Hehe. Det er mange ulike selskap som opererer i området, og eit av tipsa vi fekk var å ikkje leite etter noko som er veldig mykje billigare – det er det ofte ein grunn til, både med tanke på tryggleik og korleis guidane vert behandla. Vi skal gå turen med Llama Path, eit selskap som iallefall gjev inntrykk av å vere seriøse og flinke. Ellers skal vi reise litt rundt i Peru og besøke Arequipa og Colca Canyon og sjå på dei fantastiske kondorane der. Det trur eg vert heilt fantastisk!

Og kva med flybillettar då? Eg reiser med Norwegian frå Oslo til Oakland for omlag 2300 kroner, til Mexico City frå Tijuana for ca 700 kroner, og frå Mexico City til Lima for ca 3000. Altså ein total i flybillettar på 6000 kroner ut av Norge (ikkje inkludert Bergen-Oslo for 600, takk mamma). Eg bestilte dei fyrste billettane i februar for å vere tidleg ute, og har enda ikkje bestilt tur heim igjen, for eg veit ikkje heilt kor eg skal reise frå enda. Kanskje Buenos Aires, kanskje Rio.

Utover dette har eg ikkje brukt så veldig mykje penger på ting til reisa – kanskje ein tusenlapp totalt for vannfilter, lommekniv, mikrofiberhandkle og ein superlett tynn regnjakke… Det er begrensa kor mykje gadgets ein faktisk treng undervegs, og ofte er det lysta meir enn behovet som styrar vala. Eg leita lenge og vel etter ei sånn fancy turbukse ein kan zippe av til shorts, noko som sikkert ville vore veldig kjekt å ha – men eg treng det strengt tatt ikkje. Eg har derimot investert i ein skikkeleg sekk på 35L. Fjellsko har eg og ullundertøy har eg, og silkelaken til the hot jungle nights har eg fått låne (takk Bjarte). Og lommekniv med vinopnar har eg. Det er jo sånn ein faktisk får bruk for.

Det eg ynskjar meg og som eg har tenkt å skaffe når eg er over i Junaiten er fylgjande: Eit bittelite kompaktkamera, ei reisedagbok til mine velformulerte refleksjonar kring kondorar og taco, ei hodelykt (eit must har eg høyrt av fleire), skikkeleg sterkt og jævleg myggmiddel, ein kikkert (så eg kan sjå eksotiske fuglar og farlege dyr på lang avstand), og superlim (mamma kom med dette tipset, så eg antar det framleis gjeld).

Kva med bustad og slikt? Eg bur hos vener og familie i USA og mest sannsynleg også i Mexico. I Lima skal eg bu hos ein venn i ti dagar – og eg skal også arbeide frivillig mot kost og losji i fire månader. Og om alt klaffar, så besøker eg ei venninne i Santiago de Chile og i Argentina. Til saman må eg kanskje betale for å bu i til saman tre månader, grovt rekna. Det er jo ikkje så ille. For min eigen tryggleikskjensle var målet å ha 40.000 på sparekontoen før eg reiste – og det klarar eg nesten. For ein som aldri har klart å spare ein drit er dette ein liten personleg bragd. Eg føler meg faktisk ganske flink, og det er jo artig i og med at eg reiser for å svi av pengane på kjekke og gøye opplevingar på andre sida av jorda.

Ellers lanserer eg herved turens emneknagg: #Lunemannabroad. Passe dekkande, trur eg. Håpar eg rekk å nytte han, og at bloggen kan fungere som reisebrev. No gidd eg ikkje skrive meir, bortsett frå å ynskje meg sjølv god tur. Hadet då! Lonis

Kommenter innlegget